|
Eva Kun
Eg arbeider i hovudsak tredimensjonalt - i dei siste 8 åra mest med installasjonar både i innerom (utstillingsrom) og uterom (landskap, byrom). Eg arbeider med idear ut frå stedets premiss, innhald og karakter, og vel material i forhold til det. Eit gjennomgåande material i arbeida mine har vore lys. Idear om kva som skjer når lys møter fast form har gitt seg fleire utslag, frå store, stedsspesifikke installasjonar til små, minimalistiske objekt. Lyset er eit viktig element for for meg, uansett om det kjem frå ei kunstig lyskjelde eller er dagslys.
|
|