AKTIVITET 2017

Sissel Lillebostad

Januar 2017

ønsker velkommen til åpning av for stadig å bli på Lydgalleriet, Bergen
fredag 20. januar kl. 19 - 21.
Installasjonen er åpen torsdag - søndag kl. 12 -17 fra den 20. januar - 5. februar.

for stadig å bli er eit korverk for 15 åtskilte stemmer og omhandlar 
lytting og avstand.

Kunstnerisk konsept: Sissel Lillebostad.
Komponist: Knut Vaage
Lyddesign: Thorolf Thuestad
Lydmateriale: opptak av kammerkoret Gneis under leiing av Tore Kloster.

Verket i Lydgalleriet baserar seg på opptak frå ein konsert i Bergen bibliotek, der songarar i koret Gneis framførte for stadig å bli for eit vandrande publikum.
Stykket utforskar grensene for sansing (lytting), respons og samhandling utstrekt i tid og rom. Songarane høyrde berre ein eller to av dei andre i framføringa, songen vandra slik mellom dei som ein forsinka impuls, skubba vidare med ørsmå endringar. På konserten gjorde avstandane at stemmene vart skyvde ut av likevekt, så det vanlegvis synkrone koret vart i ubalanse. Ei og ei stemme song, nesten isolert, sin del av partituret, med vissa om at dette var songaren si individuelle stemme. Stemmene vil ikkje kunne høyrast likt, samstundes. Alt avheng av kor du står.
Prosjektet er støtta av Norsk Kulturråd, Bergen Kommune og BEK.

Les mer på www.lydgalleriet.no

Print this page