UTSTILLINGER 2006-2010

Brite Hindal

Januar 2008

viser video på Kunstsenteret Førdehuset 25.01 - 24.02.
www.sfk.museum.no

"Video".

Ei utstilling over 4 tema

Det er frodig høg summar no når Brite Hindal sine blomar faldar seg ut på veggene i kunstsenteret .

Nær 50 variantar i stendig skifte i farge og form. Dei veks or mørkret og kverv der atter mot spåer og kvit flate. Det er då berre det tilfeldige lik som spådommane var det då vi leika med spåer, men kva måtte til for at tilfelle skulle verta til og kva gjorde til at blomen vart nett slik. Det er denne undringa over hending og tid som er den poetiske grunntonen i denne utstillinga. Kva er det vi ser ,og kva er det røynlege. Er det verkeleg kvite ballar som sprett kring i dei tre glas boksane, eller er det noko anna? Er det råd og lita vist på det vi ser og høyrer. Er det den same tid eller er det tre ulike tider i " Tre ulike" vi ser dei då samstundes? " "Det som har vært skal alltid være, og det som har skjedd skal atter skje" Dei to stilleben projisert mot den kvite veggen. To like bilete eller same motiv til ulik tid? Likt som eit bedrag for fyrste augekast men, skilnaden klårast di meir du ser. "En blomstersamling" Dei kjøllege reinskorne blomster bileta lik dei ein finn på plansje eller i ein flora. Men skuggen av blomen kven sin skugge er det? Dei spørsmåla som ikkje har noko endeleg og sikkert svar, er kan hende dei det er viktigaste å stille.

Velkommen på utstilling i Kunstsenteret Førdehuset

Print this page