|
Nina Grieg
November 2011
viser arbeid i foajeen i Kabuso fra 26.11-18.12.
Sidan 2003 har Nina Grieg arbeidd med eit prosjekt kalla There. Prosjektet inneheld maleri laga av augesminke på lerret.
For Nina Grieg er maleri ein måte å bearbeide informasjon på. Motiva blir henta fra webkamera, fotografi og andre kjelder knytt til massemedia. Utgangspunktet for maleria er gjerne bilete som minner om andre stader, reelle eller fiktive, som viser til ei parallell indre verd trigga av minne og gjenkjenning. Grieg tek gjerne i bruk bilete som utfordrar maleriske problemstillingar, der bruk av teknikk kan gje nye vinklingar og perspektiv.
Teknikken ho nyttar er å bearbeida informasjon med augesminke på lerret. Ho kan òg nytta augesminke i lag med olje, framleis på lerret. På denne måten blir motiva bygga opp lag på lag. Kvart lag må fernisserast før eit nytt lag kan påførst. Bruken av augesminke er med på å gje verka eit vart og særeigent uttrykk
Nina Grieg (f.30.12.72) er busett i Bergen, og er utdanna biletkunstnar frå Kunsthøgskolen i Bergen avd. Vestlandets Kunstakademi og tok MA ved Goldsmiths College i London. Ho budde i London frå 1999 til 2005.
Les mer på www.kabuso.no
|