|
Trudi Jaeger
'QUARTUS Illuminations – Atlas Littoralis' 14.04- 20.05. Opning: Laurdag 14. april kl. 13.30 med mini-konsert av SKAAR*.
Vestlandsutstillingen består for fyrste gong av seks separatutstillingar, med kunstnarar som med sine ulike perspektiv og uttrykk utgjer ei breidde i det som skjer på den vestlandske kunstscena. Gjennom året skal me forflytte oss gjennom regionen sine fire fylker og vitje eit knippe sentrale kunstinstitusjonar, og verte betre kjende med desse kunstnarskapa.
Me byrjar i Øystese ved Kunsthuset Kabuso, der kunstnar Trudi Jaeger viser ei rekke nye arbeid i utstillinga ’QUARTUS Illuminations – Atlas Littoralis’. Utstillinga består av maleri, teikning, fotografi og arkitektoniske grep som relaterer dei romlege spenningane i arbeida til utstillingsrommet.
Jaeger sine arbeid har utspring i sårbare områder som rører ved henne, slik som den unike kystfloraen på Vestlandet, som har måtta tilpassa seg dei harde omgjevnadene. Ljos, fargar, transparens, tid, nerve og kartografi er komponentar ho går i dialog med, og abstraherer. Hennar prosess kan sjåast i samanheng med action painting, der konsentrert nærvære som meditativ performance, fullstendig ro og konsentrasjon er essensielt.
Trudi Jaeger (f.1951, London) bur og arbeider i Bergen. Ho har si utdanning frå St.Martin’s School of Art og Goldsmiths College i London. Jaeger har tidlegare vore aktuell ved VU10, VU98, VU95, VU91 og VU86. Kunstnaren har motteke støtte til si utstilling frå NBK Vederlagsfondet, Bergen Kommune, Norsk Kulturfond, Hordaland Fylkeskommune og Statens Utstillingsstipend.
VU18 forflyttar seg etterkvart vidare til visningsstadane Haugesund Billedgalleri i samarbeid med Haugesund Kunstforening, Kunsthall Stavanger, Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag, før me til sist endar opp ved visningsrommet Entrée i Bergen. VU18 presenterer i løpet av året kunstnarane Trudi Jaeger, Karen Skog, kunstnarduoen Skúladóttir & Blomgren, Ragnhild Aamås, Magnhild Øen Nordahl og Eivind Egeland. VU18 er kuratert av Randi Grov Berger.
*SKAAR sine mange inspirasjonskjelder smeltar saman i ei rå, atmosfærisk oppleving av lyd. Bandet spelar eklektisk rock og skaper ei fortryllande stemning på scena. Kabuso får ved dette høvet besøk av halve besetninga for ei nedstrippa, semi-akustisk og eksperimentell framsyning med flygel, el-gitar og vokal.
VU18 er støtta av Hordland Fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Bergen Kommune og Fritt Ord.
|